Mattilsynet har 11. juli 2019 fastsett endringsforskrift som utvidar bekjempelsessonen i kontrollområdet for infeksiøs lakseanemi (ILA) i Austevoll, Sund og Os kommuner, Hordaland.

ILA vart 26. juni 2019 påvist på fisk ved sjølokaliteten 14040 Krigsholmen i Austevoll kommune, Hordaland. Lokaliteten vert driven av Austevoll Melaks AS, skriv Mattilsynet i ei pressemelding.

Infeksiøs lakseanemi (ILA) er en alvorlig og smittsom virussykdom hos laks. Sykdommen er ikke farlig for mennesker.

"Kven gjeld kontrollområdeforskrifta for?

Ei kontrollområdeforskrift får betydning for aktørar som driv med fiskeoppdrett innanfor eit nærare gjeve sjøområde og andre som utøvar aktivitetar som kan medføra smittespreiing.

Forskrifta legg restriksjonar på aktivitet i sonene for å hindra smittespreiing.

Basert på innspel i høyringsrunden, har me endret forskriftas § 8 femte ledd og opnafor at det kan søkast om å få skriftlig godkjenning frå Mattilsynet til å ta inn ballastvatn i bekjempelsessona, føresett at ballastvatnet vert sleppt ut på same stad som det blei teke inn og før båten forlot lokaliteten.

Mattilsynet opphevar bekjempelsessonen når fisken fra anlegga i bekjempelsessonen er slakta ut, anlegg og utstyr er reingjort og desinfisert og sona har vore brakklagt i samsvar med krav i forskriften. Bekjempelsessona vert innlemma i overvåkingssonen som så normalt vert oppretthalde i to år." Står det å lesa i pressemeldinga.