Barna Elvira, Marius og Elena var ikkje redde for å kasta seg ut i den nye badevika.

Etter fleire år med anleggsarbeid ved badestranda i Gråsidalen, kunne endeleg austevollingane byrja å ta i bruk sommarparadiset att.

– Me skal leggja dei siste mattene med gras no. Eg ventar berre på bilen som skal lempa dei av, seier Leif Magne Storebø. Han heldt eigentleg på med anna arbeid, då dei trong hjelp til å ferdigstilla området rundt sandstranda, og det til stor lukke for badeglade austevollingar.

– Det vert veldig fint her. Det er òg lagt røyr under sjøen som syt for sirkulasjon og betre rensing av sjølve badevika, forklarar Leif Magne.

Fantastisk

Fitjarbuane Birgit Hobæk og Thorbjørn Hovland er på dagstur til Austevoll. Dei er imponert over den vesle badevika.

– Det er blitt råflott. Me var her for mange år sidan med ungane, men dette overgår alt. Det må vera ein av dei finaste perlene på Vestlandet, konkluderer dei. Austevollingen Linn Veronika Haugland har sakna badeplassen som no er på plass igjen.

– Me brukte det mykje før, men no ser det heilt fantastisk ut her, seier ho og konkluderer etter informasjon frå badefylgjet om at temperaturen er litt i kaldaste laget.

Av Severin Tøkje