Tolv år etter at ho døde, spreiar jordmor Marta Troland framleis glede til eldre på øyane. No har eldresenteret kunna kjøpa inn ein flettny minibuss frå legatet ho etterlet seg. Det vart det ei varmande stund av på PO-senteret.
Lars Drivenes og Turid Hennø Njåstad framsnakkar tilbodet dei får frå kommunen, heimebuande som dei er, men no avhengige av å verta henta. Ved rattet kultur- og aktivitetsansvarleg Siren Fagerbakke, som ein godt kunne sunge Ein bussjåfør... til.