Det starta med at Annelin vart plassert som turnuslege, eller LIS1, heilt ufrivillig, i Austevoll.

– Etter at eg var ferdig med sjukeplass, skulle eg bli plassert i kommuneplass, og ville ha ein plass nær heimstaden min Bergen. Då eg fekk plass her i Austevoll tenkte eg at det kom aldri til å gå.

Men det viste seg å fungera heilt fint, for kommuneoverlege Inger Uglenes var flink til å tilpassa og tilretteleggja for at det skulle gå greitt, sjølv som småbarnsforelder, fortel Annelin.

– Det vart ei positiv oppleving. Og då gjekk det frå å berre å overleva det halve året du må vera i turnus, til å gje meirsmak. Etter det halve året, var det attende til sjukehuset i eit halvt år på Nevrologisk avdeling. Eg trivst der òg, og tykkte det var kjekt. Men sjølv om arbeidet ved Haukeland Universitetssjukehus var nærare heimstaden min, var det likevel vanskeleg å få legelivet til å gå rundt med små barn i heimen.

– Inger (Uglenes) var kjapt på banen og freista med gode vilkår i Austevoll. Ho skreddersydde ei stilling til meg så eg kunne komma attende og starta i ALIS-løpet i 2021. Sidan har eg arbeidd i Austevoll, fortel Annelin.

Distriktslegar

Eva arbeidde som sjukehuslege i LIS1 fram til mars tidlegare i år, og så var det hennar tur til å få kommuneplass.

– Dei spurte på sjukehuset kor langt eg var villig til å reisa. Eg var rask på labben med å seia Austevoll, for eg visste frå Annelin kor fint det hadde fungert og at ho arbeidde der. Eg ville gjerne forsøkja eg òg, fortel Eva.

Likeeins med Niveta er ho òg no fastlege ved Austevoll Helsehus.

For det faktum at Austevoll er avhengig av ferje, og ingen tilgang til fastlandet utan, opplever dei alle tre at det blir ein heilt annan måte å vera lege på, både som fastlege og spesielt på legevakt.

– Det blir distriktsmedisin, sjølv om me er nær Bergen og Haukeland Universitetssjukehus.

Legane står åleine med heilt anna forhold enn om du jobbar på eit legekontor i Bergen med kort veg til sjukehus. I Austevoll har me transporttid og veg, og må gjera litt meir legevakt og akuttmedisin.

– Du må tenkja på vêr og vind. Kan luftambulansen fly? Skal me ta sjansen på båttransport her? Kan dei ta ferja sjølve? For nokon er det skremmande og negativt. Men me likar det alle tre. Og det er ein av grunnane til at me er her, smiler legetrioen.

Ein annan grunn til at fastlegane trivst er at i Bergen er allmennlegevakt, skadepoliklinikk, fastlege, sektorisert med psykiatri fordelt kvar for seg.

– I Austevoll er alt dette på eitt og samme legekontor. Og ei dør mellom akuttfunksjonen og dagtid. Det likar me alle tre.

Niveta Sritharan (til venstre), Annelin Haukeland og Eva Sævold konstaterer eit fantastisk arbeidsmijø å arbeida i Austevoll. Foto: Ann Elin Drønen

Glir lettare i Austevoll

Dei opplever Austevoll som ein løysingsorientert kommune.

– Det er eit tydeleg lokalsamfunn med kort veg mellom dei ulike etatane mellom anna sjukeheim og helsesjukepleiar. Alle er samlokalisert men kjenner òg kvarandre. Du får ikkje dette byråkratiet i byar der ting går sakte. Her er det direkte kontakt og du kjenner dei du jobbar med. Ting glir lett og du får god samhandling for pasientane dine, meiner trioen.

Med primærhelseteamet som dei verken har i Bergen eller Sørlandet kor Niveta er frå, meiner Annelin at dei kan fylgja opp pasientar på ein betre måte.

– Jobben er teambasert, og med gode faglege ressursar er det godt når du er nytilsett kontra å sitja åleine, slår ho fast.

Men faktum er at det er tre legar som bur i Bergen, men veljer å pendla til jobb kvar einaste dag til Austevoll. Det ligg til rette for ytterligare to ALIS-stillingar i Austevoll. Legane meiner når dei får høve til å bli spesialistar innan allmennmedisin, handlar det om å få inn legar som er stabile og har lyst til å bli almennmedisinarar.

– Legegruppa har vore ustabil i lang tid no, og trioen som òg er venninner ynskjer å bidra til stabilitet i legestaben.

Kva vil det seia å vera ALIS og fastlege?

Som fastlegar har Eva og Niveta 700 pasientar, medan Annelin som er lengre ut i spesislaiseringsløpet, har 850 (talet aukar med 50 austevollingar per år).

– Jobben vår er eit primær ansvar for å fylgja opp pasientar me har på lista vår.

Som kommunalt tilsette legar, roterer dei òg rundt på arbeidsopgåvene legevaktsarbeid, helsestasjon for barn og ungdom og sjukeheim.

Størstedelen av arbeidet er som fastlege, som inneber at legane fylgjer pasientane over tid.

Annelin meiner legane kan bistå mykje uavhengig av korleis livet til pasienten er, og det tykkjer ho er fint.

– Då får du bli kjent og fylgja pasienten over tid.

Sjølvsagt er arbeidet også krevjande. Me har hovudansvaret for pasienten, meiner Niveta.

– Det er ein gjevande jobb, me føler oss viktig og verdifull for pasienten. Men det er også krevjande og mange spørsmål.

Folk flest veit om konsultasjon der pasienten tingar fastlegetime og møter opp fysisk hos legen.

Førespurnadar som e-konsultasjon, dialogmeldingar, meldingar frå sjukeheimen, heimesjukepleie, fysioterapeut, pårørande, blodprøve- og røntgensvar er òg nokre av oppgåvene legen må svara på.

Niveta fortel vidare om pasientar som kjem inn med ein liten problemstilling i pasienten sine auger.

– Tid har mykje å seia for oss. Om ein pasient kjem og seier at han har vondt i hjerta. For oss legar krev det mykje, arbeidet me gjer skal vera forsvarleg. Det ligg meir arbeid bak enn det pasienten kanskje ser.

– Det er mykje for- og etterarbeid, og mange tenkjer kanskje ikkje over at fastlegen din er involvert om du er på ein spesialisttime på Haukeland universitetssjukehus. Me har tett samarbeid, informerer Niveta, medan Eva konstaterer i snitt ein dag i veka med reint administrasjonsarbeid som fastlege.

Dei skryt over primærhelseteamet. Niveta kjenn at ho sparer mykje tid på sine pasientar og meiner primærhelseteam er verdifullt for legane og pasienten.

– Dei vert på ein måte augo mine, og kjem attende om me skal gjera ei vurdering, skal kalla inn eller føreslå om dette er noko legen kan sjå nærare på.

– Det kan vera tidkrevjande spesielt for dei som er 90 år eller eldre.

Lege-trioen konstaterer at helsesjukepleiarene gjer ein kjempejobb og har eit overblikk over alle over 70 år i heile kommunen.

Annelin fortel om eit eksempel der veldig sjuke kreftpasientar som vil dø heime får ei unik oppfylging når dei kan reisa heim. Det hadde ikkje vore mogleg utan primærhelseteamet.

Både Eva og Niveta gjer ros til Annelin. For utan henne hadde nok ingen av dei heller teke seg arbeid i Austevoll.

Nødvendig med jungeltelegrafen

Annelin forklarer at det kan verka avskrekkande for mange legar at Austevoll er utan fastlandsforbinding. For Annelin er ærleg på at hadde ho ikkje vore i turnus på øyane, hadde ho nok heller ikkje søkt arbeid her.

Å spre ordet til andre legar om korleis det faktisk fungerer, meiner dei er nøkkelen til å rekruttera fleire legar med.

– Austevoll byrjar å koma på kartet då ein del studentar har vore nøgde turnuslegar. Inger har lagt ramma for at det skal fungera. Det er jo stor fastlegekrise i heile landet, og mange scrollar forbi ledige fastelegestillingar då dei ikkje veit om vilkåra. At dei to ledige stillingane kjem ut via jungeltelegrafen, meiner Annelin difor er heilt naudsynt.

Eva skyt inn at kommunen skal ha skryt for vaktleiligheita legane disponerer når dei er her. Trioen ynskjer sjølve at det skal bli ei stabil legegruppe for pasientar og kontoret.

Alle tre er småbarnsforeldre og bur i Bergen. Dei konstaterer, at med tilrettelegging, så går  det fint å arbeida som fastlege i kommunen og likevel rekka heim til barna.

Dei meiner det fungerer  trass stort arbeidspress med ditto ansvar der du står og har ansvar mellom liv og død.

– Å finna balansen med alt ansvaret og presset med å vera lege, samstundes som du skal ha ein familie skuldast ei leiing som støttar opp. Inger har gjort ein god jobb for at legelivet skal vera berekraftig, avsluttar fastlegane nøgde.