Utefloren som var torvhus, er eitt av prosjekta til eit stadig meir aktivt grunneigarlag på Selbjørn. Foto: Stein Skorpholm

Grunneigarlaget som vil noko meir

Eit grunneigarlag vert som regel rekna for ei interesseorganisasjon. På Selbjørn har dei gjort laget til mykje meir. Dei tek omsut både for kvarandre, men òg for resten av lokalsamfunnet. Dei styrer på med mykje og mangt, og me vart med dei på tur til eit av dei finaste og nyaste prosjekta deira.