Ho ser fram til å bli kjent med folk og koma nær lokalbefolkninga.

– Eg håpar dei engasjerer seg i sakene som blir skrive, smiler ho.

Lea Sofie har tidlegare arbeidd i studentradioen Studvest og har ein bachelor i journalistikk i Volda innan TV og radio. I tillegg har Lea Sofie bachelor-grad innan samanliknande politikk, noko som passar bra fram mot valet i september.

Ho har tidlegare vore engasjert i fleire frivillege organisasjonar, som Amnesty, Mållaget og Framtiden i våre hender, men nemner samstundes at ho no har trekt seg frå alle verv.

Blir austevolling om få veker

Lea Sofie er oppvaksen i både Oslo og Bergen, men fekk under studietida i Volda eit innblikk i det å bu i ei bygd.

– Det kan vera lettare å få tilhøyr i ei bygd, og eg kjem mogleg til å spøra lesarane om haik, inntil bil-lappen er på plass, smiler Lea Sofie som avslører at ho ikkje tek seg så sjølvhøgtidleg.

Journalisten bur for tida i Bergen, men endrar om få veker adresse til Austevoll.

– Eg ser fram til å læra meir om regionen, og særleg spent på valet, avsluttar Lea Sofie.

Redaktør Trond Hagenes seier til eige avis at han er særs nøgd med å ha avslutta rekrutteringsprosessen til redaksjonen ved tilsettinga av Westad.

– Det er ei krevjande arbeidsmarknad å rekruttera i, og såleis er me strålande nøgde med å få på plass ein journalist med fagutdanning som garantert kjem til å styrka den redaksjonelle muskelen i Marsteinen, til glede for alle lesarane våre, fortel Hagenes.