Oktober vanlegvis er ein relativt roleg månad i frisøryrket, men for Karine Haukanes har det vore ein god månad.

– Håpar det held fram å vera travelt, smiler 35-åringen som er oppvaksen på Haukanes.

Då Hud og velværeklinikken i same bygg spurte om Karine ville overta salongen i Hamnegata, måtte ho tenkja seg om, for dette var nytt og spanande.

– Men eg tenkte kvifor ikkje? og kasta meg ut i det. Hud og velværeklinikken hjelper meg òg  i gang og eg er i trygge hender.

Med mange seine kveldar som tidlegare tilsett frisør og familie heime, vart dette midt i blinken for Karine, som no kan justera både opningstid og arbeidstida sjølv.

– Eg har friheit til å vera litt meir med på ting no, og eg ikkje ha ope, det kjenner eg som kjekt. Eg har ikkje angra ein plass på å starta for meg sjølv.

 Frisøryrket i blodet

Karine flytta frå Austevoll etter tiandetrinn, og gjekk to år på vidaregåande skule på Stord.

Etter med studiar i Bergen på Frisørinstituttet, flytta ho attende til Stord for å gå i lære.

– Plutseleg bestemte eg meg for å flytta til Stavanger. Og stortrivst.

Ho ler.

– Eg fann deretter kjærleiken og flytta attende til Stord.

Saman med sambuaren har ho to barn og eitt bonusbarn.

– Å bli frisør var ikkje vanskeleg for meg å velja. Eg har alltid visst det eigentleg, tenkjer Karine.

– På tiandetrinnet, då me skulle søkja oss inn på skule, var det berre frisør for meg.

Ho og venninna Lene klipte kvarandre mykje før, heime på badet.

– Me starta tidleg å klippa kvarandre då me gjekk på barneskulen, smiler ho. Me ler mykje av det idag. Det var jo mykje kjekkare å prøva på oss sjølve enn på dukker, ler ho vidare.

Frisøryrket omskriv Karine som sosialt og aldri ein dag som er lik.

– Alle kundane mine skal ha det ulikt på håret, og det er det som er kjekt med å vera frisør. Eg vert utfordra  kvar dag. Enten det er farge-, stripe- eller permanentbehandling. Eller ta hol i øyrene, smiler ho.

Karine har etablert frisør i Hamnegata. Foto: Ann Elin Drønen

Etablert velværebygg

Det er mange frisørsalongar på Leirvik frå før. Men Karine meiner det er rom for fleire.

– Salongen eg har teke over no har vore her i mange år, så folk flest veit om at det er ein frisør her.

Ho forklarer at det er mange som fastbuande i blokkene i området, og plasseringa til salongen er òg midt i Leirvik.

– Det er sentralt og med gangavstand for mange, smiler Karine som allereie har mange faste kundar.

I samme bygget held òg Hud og velværeklinikken til, og kundane vel ofte å nytta begge tilboda når dei fyrst er innom.

– Slik kan me tilby velvære på tvers av kvarande, fortel Karine som har 16 års fartstid innan frisøryrket.