Kommunestyret er dei som tilsett rådmannen, eller kommunedirektør som tittelen vert frå 1. november. Bjarte Madsen har sagt opp stillinga si, og i perioden til etterfylgjaren vert tilsett vil Thomas Martin Larsen fungera som administrasjonen sin toppleiar. Inntil kommunestyremøtet såg det mest ut som kommunalsjef Gro Kalvenes ville ta rolla, men i møtet la ordførarar Bente Kari Sletten Taranger fram informasjon om at Kalvenes same dag hadde trekt kandidaturet sitt. Framstegspartiet meinte i prosessen forut at Larsen var den best eigna kandidaten.
Larsen har utdanninga si frå BI og Universitetet i Tromsø, UiT, der han henta ein mastergrad i strategisk leiing og økonomi. Han har arbeidd som administrasjonsleiar ved Bardufoss hotell, fyrstekonsulent ved UiT, og Evry ASA før han vart tilsett som økonomisjef. Larsen er òg lokal brannkonstabel på deltid, går det fram frå Linkedin-profilen hans.