– No må de ikkje berre høyra på ungdommen, det me seier må synast att i planverk og føringar, sa tidlegare ungdomspolitikar Lisa Horpen frå Årdal i innlegget sitt på dialogmøtet tidlegare i år.

Vestland skal laga ein ny regional planstrategi for 2024 til 2027, skriv Vestland fylkeskommune. Framtidstrenden som blei stemd fram som viktigast handlar om psykisk helse. Men andre kategoriar som nærleik til tilbod blei òg nemnde.

– Eg meiner skule er ein heilt vesentleg del av trivsel og tryggleik for unge, at ein til dømes kan gå på vidaregåande og bu heime. Dette er også ein del av unge si psykiske helse. Eg måtte flytta vekk då eg var 16, den alderen då mange skal «finna seg sjølv», og det hadde hatt stor betydning for meg om eg kunne budd heime. Dette må samfunnsplanleggarar og politikarar ta med seg vidare, seier Horpen.

Fylkestinget skal vedta utviklingsplanen til hausten. Han ligg til grunn for all samfunnsplanlegging i fylket, både for kommune, fylkeskommune og stat.

– Heile fylket må vera med når me skal setta strategisk retning for Vestland, og me skal ta ungdomen på alvor. Me skal sjå moglegheitene i lag, som å finna jobbmoglegheiter i det grøne skiftet, utvikla utdanningsprogramma til noko dei unge vil ynska seg inn i og skapa gode lokalsamfunn for alle, seier fylkesordførar Jon Askeland i Vestland.

(©NPK)