Krister Johnson har gode minne frå oppveksten på Birkeland, men det er lyd og familie han brenn for. Foto: Merete Medle

Lydhøyre Krister fann tonen austpå

Krister Johnson er halvt amerikanar og halvt trysling. Likevel vaks han, av alle stadar, opp i Austevoll, nærare bestemt på Birkeland på Huftarøy. Austevolldialekta blei aldri heilt hans eigen, likevel er det ingen tvil om kvar han kjem frå. Og på oppmoding legg han om til stril på sekundet. Lyd-entusiasten bur no på Tofte, om lag ein times køyretur utanfor hovedstaden.