Ein Short Stirling, eit kraftig bombefly med vengjespenn på over 30 meter og fire store motorar og eit mannskap på sju har teke av frå det landlege Cambridgeshire klokka 20:40. Kort veg unna ligg det tyskokkuperte Europa. Nattas tokt for pilot Mauson Lammas (30) frå New Zealand og mannskapet hans går over Danmark. Med seg har han to landsmenn, tre britar og lengst bak i flyet ein nordmann, med i kanadisk uniform, austevollingen Ivar Larson Kalvenes (33). Det er fire andre fly av same type som fyk i låg høgde mot målet for minelegginga omlag to timar seinare.

Ivar har vore i operativ teneste i mindre enn ein månad, og byrja karrieren sin med eit tokt over Belgia. Frå dei kraftige maskingeværa sine fekk han godkjent nedskytinga av eit tysk nattjagarfly. Seinare vart det to mineleggingstokt over Biscayabukta, utan direkte kontakt med fienden.

Brått og brutalt som svoltne ulvar kastar tyske nattjagarar av typen Junker 88 seg over dei fem allierte flya. Klokka er 23:14. Ein av dei tyske jagarane, med Rudolf Frank bak spakane, får inn treff ved den høgre vengjerota, og det tek fyr i brennstofftanken. Framleis er det funksjon i to av motorane på det store flyet, og piloten gjer sitt beste for å prøva å naudlanda i mørket. Minene er framleis om bord. Fleire av mannskapet får ordre om å prøva å hoppa ut, sjølv om dei er i låg høgde. Mannskapets desperate kamp kulminerer i ein eksplosjon inne i flyskroget. Halepartiet fell av, før restane av flyet treff vatnet like utanfor Tåsinge i Danmark.

Flyet til Ivar Larson Kalvenes Foto: Privat, via Magnhild Grindheim

Rapport

I utdrag fra rapport utarbeidet av politiassistent P.L. Lindtorp fra Landpolitiet Hesselager Distriktet får me innsyn i korleis hendinga vart innrapportert og fylgd opp av det danske politiet: Gæstgiver Karl Marius Thomsen, Vemmenæs Kro, har i dag ca kl.0.10 telefonisk anmeldt til herværende kommandosentral, at der i gaar omkring kl. 23.15 er styrtet en brænende flyvemaskine ned i havet lidt uden for kysten udfor Hegnskoven ved Vemmenæs paa Taasinge. Maskinen laa og brændte paa vandet, efter at den var styrtet ned. Anmelderen stod ved godt 23 tiden i aftes og saa ud af sit køkkenvindue mod nord, da han kunde høre støj fra flygemaskiner, og pludselig hørte han skydning fra maskingeværer ganske tæt ved, og omtrent samtidig saa han, at der gik ild i en flygemaskine lige over Vemmenæs by ca 100 meter oppe i luften. Maskinen for som en kæmpemessig ildstribe mot øst og styrtede i havet ca 100 meter uden for kysten ved Hegnskoven paa Vemmenæs. Han havde ikke set noget til udspring med faldskærm fra maskinen, og han turde ikke nærme sig nedstyrtningsstedet af frygt for bomber”.

”Sammen med 3 betjente fra Svendborg Købstad begav jeg mig straks i bil til Vemmenæs for å foretage nærmere eftersøgning og undersøgelse af forholdet. Maskinens nationalitet kunde ikke konstateres, da alle dele var sprængt og forvredet, men det dreier sig formentlig om en engelsk eller amerikansk bombemaskine. Ved eftersøgningen langs kysten, fant jeg ca 5-6 meter ude i vandet, drivende på en svømmevest, liget af en flyver i engelsk flyveruniform. Liget blev bjerget ind og lagt paa strandkanten. Han havde svære kvæstelser overalt på kroppen og i hovedet. Under den fortsatte eftersøgningen i marken lige ude ved kysten fandt jeg yderligere to lig i engelsk flyveruniform. Beggelig var delvis knust ved faldet mod jorden. Yderligere eftersøgning maatte derefter udsettes til det blev lyst.

Ved daggry blev eftersøgningen fortsat ude på vandet i en pram. Her fandtes ca 30 meter uden for kysten ligene af 2 flyvere i engelske uniformer drivende på vandet i deres svømmeveste. Begge lig blev bjerget i land og lagt op paa stranden. Paa land fandtes i en tjørnebevoksning paa strandklinten liget af yderligere 1 engelsk flyver styrtet ned. Liget blev trukket frem og lagt op paa marken. Dette liget var ogsaa til dels knust. Inde i den sammenkrøllede kabine kunde ses liget af en engelsk flyver, men det var ikke mulig at befri ham fra de svære maskindele. Der er saaledes fundet 7 lig fra maskinen”.

Ivar var dermed funnet omkommen i skyttarsetet sitt inne i haleseksjonen omlag 300 meter frå sjølve flyvraket.

1. mai blir dei allierte gravlagde. Lokalbefolkinga i det okkuperte grannelandet vårt, gjorde pynta gravene til dei døde flygarane, etter at tyskarane hadde kasta jord på. Vitne fortel om eit blomehav på dei sju gravene, og elles rundt i byen.

Slik såg stirlingen ut. Ei kjempe av eit fly, med vingespenn på over 30 meter, og ein flykropp som var nesten like lang. Foto: Teikning via Bengt Stangvik

Reisa som enda i Tåsinge

Ivar var fødd og oppvaksen på Haukanes. Som 18-åring emigrerte han, og sette kursen mot Canada. Året var 1928, og det var eit gripande farvel med mor, far og dei sju syskena på småbruket. På den andre sida av storhavet venta onkel Ola B. Larson. Garden låg på grensa mellom Montana i USA og Saskatchewan i Canada, og austevollingen arbeidde for onkelen i fleire år, før han tok hyre på stykkgodsbåt for å reisa kapital for å kjøpa eigen båt. Han fekk etterkvart canadisk statsborgarskap og fekk seg eit landområde ikkje langt frå onkelen.

I 1937 besøkte han gamlelandet, og kunne for fyrste og siste gong helsa på veslesyster Erna, før han reiste attende til det nye heimlandet sitt. Så kom krigen både til samveldelandet Canada og Noreg. Om sommaren 1942 verva han seg, i von om å verta pilot. Sidan han mangla den litt tyngre realfaglege bakgrunnen, kunne han ikkje verta flygar, men pensa i staden over på ei utdanning som skyttar. Bomber Command hadde behov for mange skyttarar i dei stadig større bombeflya dei opererte over det okkuperte Europa og Tyskland. At han var ein person eit kvart flymannskap kunne tenkja seg å ha med om bord gjev personlegdomstesten hans preg av: Han er ein særs motivert og pliktoppfyllande kar. Han ter seg fint, er ansvarsfull, kjapp i oppfattinga, viljefast, sjølvsikker og vaksen.

Etter trening i heimlandet kom han til Skottland på hausten i 1943, og gjennomgjekk meir spissing før han vart stasjonert til operativ teneste den 10. februar 1944.

To månadar seinare døde austevollingen i fjøresteinane ved den danske byen Tåsinge.

Ivar fekk på bakgrunn av innsatsen heidra posthumt med Krigsmedaljen, Deltakarmedaljen og Håkon den 7.s Minnesmedalje frå Noreg, og frå Canada vart Ivar tildelt Memorial Bar og Krigskorset med eikelavv.

Bygd på Bernard Duncan Lyng sitt manuskript Fra Austevoll til Aabenraa. Lyng var pensjonert etterretningsoffiser og hobbyhistoriar. Artikkelen stod i sin heilskap på trykk i magasinet Historie. Fyrst på trykk i Marsteinen i februar 2009.