Det er stille i den tronge sunda, der sjarken til Ole Svein Einebærholm sig utover til den lagnadstunge staden. Februar har vore fylt med vanleg uvêr. Austevollingen Terje Jarnes kan ikkje minnast faren, Garfield, som hadde mønstra på den nybygde ”Lindøy” for 70 år sidan. Olav Klungrehaug (83) hugsar enno stormen morsdagen i 1946. Drivande skum frå dei slagferdige bylgjene stod over holmane lengst ute mot Sognesjøen.

– Eg var på veg heim frå sundagsskulen då ulukka skjedde. Seinare vart eg med ut med far min for å sjå om me kunne hjelpa til, men alt me fann var vrakgodset, seier bryknesingen. 20 liv gjekk tapt, elleve av dei austevollingar, og dei fleste frå det vesle øysamfunnet Sandtorv.

Skipperen vår Ole Svein Einebærholm er sjølv ein røynd fiskar frå Byrknesøy. Yrket gjekk i arv frå faren; Ernst var berre 23 år gamal då ”Lindøy” forliste, og var ein av dei som klarte å komma seg til ulukkesstaden fyrst.

– Far snakka sjeldan om slike vanskelege ting, men det var tydeleg at denne opplevinga tyngde han, seier reiaren som i mange år reiste med austevollbåtane ”Astrid Bakk” og ”Vendla”. No eig han sin eigen kystbåt, og skal straks ut og fylla nøtene med det blanke sølvet.

Terje Jarnes (72) tek staden der faren Garfield omkom for 70 år sidan i nærare augesyn. Her i samtale med Olav Klungrehaug (83), som hugsar vika fylt med vrakgods frå havaristen. Foto: Trond Hagenes

Åtvaringa

”Lindøy” vart levert frå Hatlestrand i Hardanger ein dryg månad etter frigjeringa i 1945. Fiskebåten var 79,7 fot lang og bygd i furu. I maskinrommet var det sett inn ein fletta ny Union på 170 hestekrefter. Reiar var Erling Tveit, Strandgaten 1 i Bergen med austevollingane Kåre Sandtorv og Kirsten Aarethun som medeigarar. Kåre hadde like før jul komen heim etter krigen, etter å ha vore i eksil sidan han flykta til Storbritannia i 1941.

På morsdagen i 1946 drog vinden det skikkeleg til. Dagen i førevegen hadde ”Lindøy” vore på fiskeri ved Bulandet, då ryktet om gode fangstar ved Fedje nådde dei. Skipper Jørgen Nordstrand (42) frå Valderøy sette dermed kursen sørover, og trass i kraftig nordleg vind, med opptil storm i kasta la båten kursen vestom landet i Gulen.

Attende i sjarken i 2016 undrar den røynde fiskaren Einebærholm på vala som vart gjort om bord i ”Lindøy”. Medan alle dei andre båtane som var på veg sørover tok den indre leia, gjekk den Bergen-registrerte ”Lindøy” på utsida.

– Går du eitt stykke frå land, får du vanskelege bylgjer som byggjer seg opp der det stadig vert grunnare. Heilt inne med land, derimot, er det brådjupt og mykje lettare å gå, poengterer Einebærholm.

Augevitne frå 1946 var det få av, men i nordaust stod Birger Kversøy og såg vestover på uvêret. Han fortalde seinare at han fekk auge på fiskebåten som kom lensande frå nordvest. Trass i vêret såg det ut som den nybygde båten tok sjøane godt. Ein augneblink var båten borte frå siktlina til Kversøy, og då han dukka opp att på den andre sida hadde han kraftig slagside til den eine sida. Krenginga til babord auka på, inntil båten gjekk heilt rundt. Mest truleg var ein av doriane fylt med vatn, noko som vart for mykje for ”Lindøy” i presset frå bylgjer og vind. Han gjekk rundt.

Den unge mannen frå Kversøy talde tolv mann som hadde klatra opp på kjølen. Slik bylgjene stod på holmane innanfor var sjansane små for at dei skulle kunne klara seg. Likevel storma Birger til telegrafen og fekk slått alarm. Forholda var nærast umogleg for hjelpemannskapa. Eit lik var alt dei fann.

Minnet etsa seg fast hos den 23-årige Ernst Einebærholm, far til skipperen vår 70 år etter. Lenge før debrifing vart del av vokabularet etter krisesituasjonar, heldt karane knyst om syna som møtte dei.

Garfield Jarnes vart berre 35 år gamal, og Magda vart enke og Terje (2) vart utan far. Foto: Privat

– Det gnog nok i far. Lenge, seier sonen.

I 1979 trefte tragedien nok ein gong det vesle samfunnet vest i Gulen. 500-tonnaren ”Austri” dreiv i land, etter at ei svær bylgje sytte for at lasta forskauv seg. Olav Klungrehaug var tidleg ute for å hjelpa til den gongen òg.

– Det kom ein mann gåande over øya der, seier han, og vender seg sørover. Me er komne ut mot storhavet. I nord ligg Kastellen, der ”Lindøy” vart knust til pinneved, og i den andre enden av ei hesteskoforma vik, lik øya der ”Austri” møtte lagnaden sin.

– Me fekk kyrkjeklokka vår kosta av Stavangerske som takk for redningsarbeidet, seier Klungerhaug. Snart er det 40 år sidan havet på ny tok liv ved Byrknesøy - denne gongen fem mann, dei fleste rogalendingar.

Teikning av båten, slik Kåre Eskeland såg han føre seg. Denne pregar òg minnebautaen på Storebø.

Sandtorv

Ute i havet bryt byljene mot Kastellen. Terje Jarnes tek fram kamera. Om det er nordavinden som trekkjer bak brilleglasa, kan eg ikkje seia sikkert. Det einaste teiknet på forliset er eit massivt metallrøyr som er som meisla ned i eit skår på den andre sida av vika.

Fiskarane frå Byrknesøy meiner at bakken på ”Lindøy” må ha vorte brekt av i havet sine herjingar, og ført mot denne skansen mot storhavet. Deretter har kreftene pressa akslingen ned i klova.

– Der har han stått i alle år. Ikkje ein gong dei sterkaste stormane har klart å rikka på han, seier Olav. Styrar på det lokale fiskarbondemuseet, Ole Moan, kan fortelja om svigerfamilien sin, som òg miste ein son, Klinton. Den unge fiskaren frå Byrknesøy var broren til Hilmar Teigen, som i ei årrekkje var arbeidskamerat til journalisten sin far - i tillegg til ein god ven av familien min. Karane frå øya innanfor trur at den stillfarande Klinton håpa på å kunna stiga inn i stova heime og gratulera mora med dagen.

Heime i Austevoll var det Sandtorv som fekk den tyngste børa. Brørne Nils (30), Henry (32) og Anton (22). Eldstebror Henry var nótbas om bord, og heime venta både Gudrun, som han var forlova med, og husgrunnen. Nils var krigshelten i familien, og overlevde mellom anna torpederinga av ”Novasoli” i mars 1945. Det gjekk bra med alle om bord, og han fekk oppleva frigjeringsdagen i New York City. Den yngste av trekløveret om bord var Anton. Han var ein driftig kar, som med handelsskule på CV-en planla å opna butikk der heime til våren. Ingvald Sandtorv var onkel til dei tre brørne, familiefar med sju barn og kone heime.

Øya mista òg Olav Sandtorv (38) i ulukka og fiskarveteranen Einar (48).

Familien Jarnes ved minnenbautaen 70 år etter at Terje mista faren sin. Foto: Trond Hagenes

Presten kom

Heime på Huftarøy sat mor til Terje, Magda Haugland Jarnes, lukkeleg i februar 1946. Trass i krigen hadde sett djupe spor i samfunnet, hadde ho gifta seg med Garfield i juni 1942. Unge Terje vart fødd, og ettersom krigen var over lysna det meste. Heilt til presten kom. Ho sat i stova med syster si og såg han troppa opp. Kloa klemde i brystet, det svimla for henne, vonde aningar vart realitet. Verda var gått under.

Terje kan ikkje hugsa faren, berre gjennom historier mora fortalde. Magda sjølv sa i portrettintervju med lokalavisa i 1995 at åra ho fekk saman med ektemannen var som samanhengande kveitebrødsdagar å rekna. Ektemannen var ein av seks som vart funnen etter ulukka, og han vart gravlagd åtte dagar etter den fatale sundagen. I mange år, vart både dato og morsdagen tung påminning om tapet av ektemannen. Terje fortel om noko som endra litt på det mørke bakteppet.

– Den 10. februar 1964 vart dotter mi, Marianne, fødd. Mor sa at ho endeleg fekk noko å smila over på den tunge dagen, seier 72-årige Terje.

Akslinga: ”Lindøy” si aksling står enno kilt fast i eit står i svaberga ved Byrknesøy. Foto: Trond Hagenes

Dei som kom bort:

Skipper Jørgen Nordstrand (42), Valderøy

Fiskar Ole Nordstrand (38), Valderøy

Båtsmann Sigurd Toft (35) Tofterøy

Fiskar Peder Kalven (34), Snilstveitøy

Fiskar Johannes Lending (38), Bergen

Fiskar Klinton Teigen (21), Byrknesøy

Stuert Birger Andersen (39), Fana

Fiskar Alf Fjeldheim (26) Fedje

2. maskinist Norvald Jakobsen (21), Askøy

1. maskinist Kristen Aarethun (25), Storekalsøy

Fiskar Garfield Jarnes (35), Storebø

Fiskar Andor Hufthammer (28), Hufthamar

Fiskar Leif L. Storebø (27), Storebø

Fiskar Rasmus Heggholmen (41), Heimark

Notbas Henry Sandtorv (32), Sandtorv

Fiskar Nils Sandtorv (30), Sandtorv

Fiskar Anton Sandtorv (22), Sandtorv

Fiskar Einar Sandtorv (48), Sandtorv

Fiskar Olav Sandtorv (38), Sandtorv

Ingvald Sandtorv (38), Sandtorv

Kjelder:

Dyngvold, Finn (1995): Magda Jarnes, Eit liv og ein lagnad. Intervju i ”Marsteinen” torsdag 7. desember 1995

Dyngvold, Finn og Hagenes, Trond (2015): Eit øysamfunn i Den store Krigen, Austevoll forlag, Storebø. Pp 157-158

Johansen, Karl Egil (1990): Men der leikade fisk nedi kavet, Fiskarsoge for Hordaland 1920-1990, J. W. Eides forlag, Bergen

Lindøy-komiteen (1996): Lindøy-forliset, hefte utgjeve i samband med avdukinga av minnebauta, Austevoll kyrkje.

Toft, Malin m/fleire (2003): Havet tok, 78 forlis og skipsulukker i Sogn og Fjordane, Selja forlag, Førde, pp 220 - 224

Avisartiklar frå ”Fiskaren” og ”Bergens Tidende” februar 1946.