Akkurat i dag er det øving. Det ser du både av staden, observatørar i politi-, ambulanse-, eller sivil som står rundt på parkeringsplassen som Sjur Eide har lånt ut. Og ikkje minst dei ut gamle bilane som er parkert mot kvarandre. Det er ikkje samanfiltra metall, utløyse air bags eller ekte blod på dei to menneska som sit fastklemt inne i den eine bilen, eller dei to ungdommane som delvis sit og ligg utanfor varebilen. Matteus Vinnes er likbleik, jamrar seg og spelar at han er i sjokk. Iselin Storebø Nord står det verre til med, trur eg, der ho ligg. Begge har hatt eg ein omgang med halloween-smike. Kva skadar unge Iselin har må nok fagpersonellet klara å finna ut om.

Brann- og redningsmannen Kenneth Samland er fyrst ute på ulukkesplassen. Der vert hektisk aktivitet for å avklara skadeomfanget. Foto: Trond Hagenes

Kort tid til fyrstemann er på plass

Ulukkesstaden er kort veg frå arbeidsplassane til eit par karar i brannvesenet. Kenneth Samland er fyrst på plass, under ti minutt etter alarmen gjekk. Han hiv i gang eit naudbluss bak den eine bilen, det brenn no på ulukkesstaden. Kjapt og stegar han rundt, prøvar å få kontakt med dei skadde, snakkar med Matteus som no er uroa over om venninna kjem til å døy. Det er vanskeleg å avgjera kva kontakt brannmannen har fått med Iselin eller dei som sit fastklemde. Han oppdaterer dei andre i naudetatane på sambandet. Dei veit nokolunde kva som møter dei.

Nokre minutt seinare kjem Odd Brekke farande. Han er kledd i sivilt, men har ein vest opp seg som gjev melding om at han er brannmannskap på oppdrag. Saman ber brannmennene den skadde Iselin bort frå bilvraket, sikkert i påvente av at resten av brannmannskapa kjem og dei kan byrja arbeidet med å fjerna vraket av varebilen og frigjera dei to fastklemde frå personbilen. Matteus er i stand til å gå, og blir støtta bort dit.

Knusa ruter, avklara situasjonen

Det går heller ikkje lange tida før brannvesenet veltar manns- og kvinnesterke ut av utrykkingskøyretøya sine. Fyrst kjem innsatsleiar Nils-Ove Sørvik og etablerer kontakt med dei to som kom fyrst til staden, deretter kjem dei to store bilane deira, men eit vrimmel av mannskap. Brått er området blitt ei maurtue. Ein brannmann vert sitjande ved dei skadde frå personbilen som får ullteppe for å halda seg så varme som mogleg. Andre i dei skitengule utrykkingskleda tek til med å taua bort varebilen. Nokre forsøkjer å komma i kontakt med dei fastklemde. Det er tydeleg at ein er medvitslaus, medan den andre er vaken. Vindauge i bilen vert knust. Og ambulansane blålysar seg på plass. Med dei er det eit rikhaldig utval av legar, og sjølvsagt ambulansemannskapa sjølv. I mellomtida har brannfolka skrive ned informasjonen dei hatt fått om dei skadde på eit skjema. Helse sin innsatsleiar er Eva Sjøvold, ny fastlege i Austevoll. I virvaret er det klart at unge Iselin er kritisk skadd og blør i bukhola og har brot i pelvis. Luftambulansen er rekvirert. Politiet kjem sist til staden med ressursane sine, og talar med med dei andre innsatsleiarane.

Marsteinen sin utsende går så over i rolla til å spela utsendt pressemann på ulukkesstaden. Som oftast kimar det i mobiltelefonen når det har skjedd ei alvorleg ulukke eller brann. Regionsavisene og NRK har ein nyhendedesk som fylgjer med det som skjer, og det som vert meldt på Twitter/X av Vest politidistrikt. Media treng bilete til nett, avis og eventuelt nyhendesendingar på fjernsyn.

Brannvesen, legar, ambulansepersonell i hektisk aktiitet når den gamle familiebilen blir klyppt opp og ungdommane frigjorde. Foto: Trond Hagenes

Bakgrunnen

Øvinga er vorten til etter initiativ frå Austevoll brann- og redning. Ambulanse, politi og brannvesen øver på ei alvorleg trafikkulukke ved denne krossvegen, sidan det har vore ein auke i talet på slike på vegane våre i år. 22 i talet, ni av dei med personskadar, to av dei med alvorlege skadar og eitt dødsfall, opplyser fungerande politioverbetjent Freddy Brosvik til Marsteinen. I fjor like før nyttår var det endå eitt dødsfall på austevollvegane.

Attende til øvinga: Lokalavisa forsøkjer å få kontakt med politiets innsatsleiar Sindre: Han ber meg venta i ti minutt. Sidan eg er blitt oppmoda om å vera pågåande av Freddy, gjev eg meg ikkje med det, og dristar meg til å henta kommentar hos ambulansepersonellet der Tor Kenneth Aase er gamal kjenning og innsatsleiar. Han får eg litt hos, og kunne ha oppdatert nettsida eller desken om kva ambulansen jobbar med. I tillegg er det openbert at det er ei møteulukke, og at det vert arbeidd med livredding og få ut dei fastklemde.

Odd Brekke er blitt ambulansesjåfør. Iselin blir køyrt til Luftambulansen, som visstnok skal landa på Eidsbøen. Eit merkeleg val, tenkjer eg, i og med at dei livreddande baronane frå lufta må kunna landa på Sjøtroll, mykje nærare ulukkesstaden. Når ambulansane er køyrde, er dei og ute av øvingsbiletet. Snart vert det snakk om å rekvirera buss eller bil for å få køyrt dei skadde til ambulansebåten.

Det har gått ti minutt og lokalavisa får minna Sindre på at me treng ei oppdatering. Eg får inntrykk av at han samtalar med operasjonsleiar i Bergen, han refererer registreringsnumra på bilane. Eg får etterkvart oppdatering om at det er fire personar involverte i ulukka, og blir endeleg beden om å trekkja meg litt bort frå ulukkesstaden der eg fritt har valsa rundt og fotografert. Uansett: Tilstanden til to av dei er kritisk, dei to andre er uavklart. Politiet kan enno ikkje seia noko om årsaka til ulukka, midt på lyse dagen, tilsynelatande på tørr veg.

– Me er enno ikkje komen i gang med etterforskinga, seier den unge politibetjenten i den grøne innsatsleiarvesten.

Ut av vraket

Den gamle personbilen går ut av tida som øvingsobjekt. Menneska som sit fastklemte vert dekka til medan brannmannskapa arbeider iherdig for å klyppa opp dei som sikkert ein gong har vore eit familiekøyretøy. Vinsjane på dei store brannkøyretøya sular inn wiren som er festa med kjetting på strategiske plassar på den sølvgrå Mitsubishi-en. Øvinga ebbar ut når dei to siste ungdommane blir frakta av garde, om lag ein time etter at alarmen gjekk.

Dei tre ulike blålyseiningane har fyrst sine eigne brifingar før dei sameinar seg og utvekslar røynslene. Hos ambulansepersonellet og legane vert det trekt fram at brannmannskapa sine skjema gjorde at fastlege Eva raskt kunne slå fast at magesmertene til Iselin var indre blødingar og pelvisbrot. Her stod det om minuttar for å få henne av garde. Kamerat Matteus var i sjokk, men hadde berre ein kuttskade.

– Me kan òg hugsa på at me tidleg må etterspørja luftambulanse. Me er relativt kort veg frå Stavanger og i tillegg er Sjøredningstenestene sitt redningshelikopter stasjonert mellombels på Flesland, så me har potensielt tre helikopter som kan hjelpa oss ved slike scenario som dette. Og hugs at AMK gjerne vil støtta oss ekstra, sidan me er på øyar utan moglegheit for andre ressursar, seier lokal ambulansemedarbeidar Arild Fagerheim til gjengen som er samla rundt han.

Enkle grep som å hugsa å ta på seg rett vest, slik at politi og brann veit kven som er ansvarleg lege på plassen er viktig. Dessutan å kunna bruka tida såpass godt at ein kan sikra seg at det frie luftvegar hos pasientane som sit fastklemde når brannbilane skal trekkja vrakdelane frå kvarande.

Øvingsteknisk og forbetring

Både politiet, lege, ambulanse og brann hadde observatørane sine på plass på ulukkesstaden då alarmen gjekk. Etterkvart som virvaret oppstod, vart det vanskeleg å skilja observatørane med einskilde av innsatspersonellet. Politiet fekk etterkvart ein grøn vest på seg, men før det var det observatør og  politioverbetjent Atle Birkeland frå Os som hadde innsatsleiararmbandet synleg.

Eva Sjøvold får skrytt av brannmannskapa, som på si side ynskjer at dei andre hjelpemannskapa på plassen gjerne stikk seg fram.

– Stikk gjerne fram brysta: Sei kva me skal gjera, me har rikeleg med musklar og treng tydelege meldingar, poengterer Øyvind Bruntveit i Austevoll brann- og redning.

Dei reflekterte òg på at det vart noko daudtid mellom når mannskapa var klare til å dra bilane frå kvarandre og det faktisk vart gjort. I tillegg kunne blodressursar ha vore naudsynt. Men dei hadde vore i Luftambulansen.

Endå betre samhandling mellom dei tre einingane sine innsatsleiarar, stadige oppdateringar på interkommen på veg til ulukka, vurderingar om ein kunne flytta ambulansebåten endå nærare ulukkesstaden, korleis ein skal parkera for å sikra andre naudetatar sin tilgang til ulukkesstaden er viktige moment når ulukka oppstår.

Matteus og Iselin synest på si side av det var lærerikt og beint fram kjekt å spela skadde under øvinga. Saman med dei to kollegaane frå Austevoll vidaregåande får dei klapp og skryt for innsatsen sin.

– No må du bruka eit fint bilete av oss, skjemtar Iselin.

– Det er dessverre umogleg, svarar den utsende pressemannen, som altså òg har vore ein liten aktør på skadestaden. Slik det ofte er når ei ulukke skjer på vegane våre.