Vossingane må ha alliert seg med høgare makter, sidan dei kunne dra attende til Vangen med tre poeng i koffertane sine. Det var nemleg AIK som malte og malte med lagmaskineriet sitt, og kunne alt etter 18 minutt gå i leiinga etter at Steffen André Skår fyrst hadde leika karusell med tre vossingar, før han fyrte av garde eit skot med overskru som datt ned i maskene bak dagens nokså travle vossakeeper, Kenneth Klette.

AIK var derimot ikkje like flinke til å demma opp på si venstreside, og Voss sin kaptein fekk utlikna så og seia frå avspark der han fekk stå nesten utan motstand og breisida innlegget i mål bak Nordtveit Tøkje.

Dei oransje haldt trykket oppe og rundt halvtimen serieproduserte dei halvsjansar som det er nesten utruleg at det ikkje vart mål av. Mellom dei som brede sjansar var AIK-kaptein Tord Harald Skår. Ein spydspiss som han i form, kunne fort hatt to-tre mål i protokollen før pause. I staden enda omgangen altså 1–1.

Vinden den 12. mann?

AIK tribuna ligg ikkje akkurat i solsteiken, og trass ein underhaldande fyrsteomgang, vart det masseflukt frå Eidsbøen i pausen. I kommentars form, kva med å vurdera å spela kampane på bane 2 – med tribune i livd og i sola – og utan løpebane rundt?

Uansett, den sterke nordavinden tok ikkje luven frå AIK som haldt fram presset frå fyrsteomgangen. Diverre klarte vossingane, heilt mot spelets gang, å komma seg fri på høgresida si og nok ein gong fekk Bidne altfor enkelt setja ballen bak AIK-målvakten.

Dei oransje gjorde sitt beste for å utlikna, og då Christian Mikkelsen vart meia ned inne i målgarden til vossingane, kunne det raskt blitt resultatet. Klette fekk diverre ein altfor enkel jobb på Mikkelsens elendige straffespark.

Trass den massive motvinden gav ikkje AIK heilt opp, men spelet vart oppstykka. Vossingane hadde brukt heile andreomgangen på å klaga på assistentdommaren, men like før slutt var det AIK sin tur. Dei hadde ballen i nettet, men vart vinka av for offside til store protestar.

Før full tid sette vossingane 1–3 i nota då Nordtveit Tøkje var framme på offensivt hjørnespark.

Les kampfakta på lokalfotballen.