– Får sauen i seg hageavfall, kan han døy som staren, seier villsaubonde John Inge Vik. Han åtvarar sterk folk om å hiva hageavfall over på beita der sauen går. Nyleg mista han to sau av denne grunnen, og det kunne fort ha gått verre med ei handfull til.

– Det er eit problem at folk som i utgangspunktet kanskje trur dei gjev sauen ein delikatesse kastar over hageavfall til dyra.

Rhododendron, eføy, tuja og barlind er blant dei giftigaste plantene for villsauen, opplyser veterinær Karen Elisabeth Rydland Sæbø overfor Marsteinen.

– Plantane er livsfarlege for sauen, og i tillegg er det ofte ein smertefull død dei vert utsette for, sidan plantegiften oftast råkar nervesystemet – Då kan det vera snakk om respirasjons- eller hjartestogg, seier veterinæren som er vel kjent med Austevoll gjennom praksisen sin.

– På denne årstida er sauen gjerne særs svolten, i påvente av at beita skal bli grøne. Då et dei gjerne plantar og som dei ville styrt unna på sommaren og hausten, då dei har anna å beita på, slår veterinæren fast.

John Inge Vik mista nyleg to villsau,. som hadde forsynt seg av hageavfall. Han fann mellom anna rhododendron-restar, som var kasta over på beitet – i beste meining. Foto: Trond Hagenes, arkiv