Av May Linn Clement, Stovehaugen 3

No er eg inhabil her, og kanskje frykteleg egoistisk. Eg bur i eit gamalt hus bygd over ein grunnmur frå 1890. Utan å tenkja meg særleg om, kan eg namngje tjue austevollingar som er fødde her i huset. Akkurat her, på garden Haukanes, har slekta mi budd i nær 300 år. Barna mine er tiande generasjon som bur nettopp her.

Eg vert rørt av å tenkja på mine eigne røter når eg les Inge Halstensen sitt innlegg om kor viktig Hordfast er for Austevoll. Tenk at forfedrane mine har klart seg så godt, så lenge, utan Hordfast! Det er nesten ikkje til å tru.

Når E39 over Reksteren vert bygd, kan austevollingane få ei pendelferje med tolv minuttars reisetid til ein europaveg, skriv Halstensen. I dag har me ei pendelferje med tjue minuttars reisetid til ein europaveg. Derfrå er det strake vegen til ein av favorittbyane dine, Haugesund, og det forjetta fylket Rogaland.

Men eg skal misforstå deg rett, Inge. Du meiner nok tolv minutt til europavegen på Tysnes. Men det er ikkje berre til Tysnes me skal, me skal vel heilt inn til Bergen, «byen med dei låge horisontar»?

Den såkalla reisetidsgevinsten har konsulentbyrået Sweco rekna for oss. Frå kommunesenteret Storebø til Bergen sentrum brukte me våren 2022 70 minutt og 25 kilometer køyreveg. Den nye ruta, med ferje frå Sandvikhamn på Huftarøy til Håkrevika på Reksteren, vil ta 55 minutt og ha 52 kilometer køyreveg. Det gjev ei innsparing på 15 minutt, men ei auke i køyreveg på 27 kilometer.

Ikkje godt nok? Etter Råtunellen opna hausten 2022, er reisetida vorte endå nokre minutt mindre. Kan nokon be konsulentane i Sweco ta tida, kanskje?

Før me får nytt ferjeleie i Sandvikhamn, skal ein ny veg mot dette leiet byggjast. Konsulentbyrået Sweco meiner den best tenelege vegen vil gå rett gjennom grenda mi. Frå rundkøyringa på Eidsbøen, over Haukanespollen, gjennom løa til onkel Kjell og vidare over innmarka til Inger Johanne før han knyt seg på den eksisterande fylkesvegen ved bedehuset, er kostnadsestimert til 457 millionar kroner.

Sweco skriv at «innløsning av boliger/eiendom på vestsiden og kanskje også v/Stovehaugen» vil vera aktuelt. Det er stova mi, det!

Ein liten fun fact: Denne vegen vil òg gå gjennom nedslagsfeltet frå Ljosavatnet til Kvednavatnet, der Austevoll vatn og avløp vil etablera eit nytt vassverk for drikkevatn. Ein skulle nesten tru at menneska som sit og utarbeider desse planane, ikkje hadde snakka saman.

Likt som son min spør kva eg ville hatt for han, kor mykje pengar han er verd, tenkjer eg stundom på kva eg skulle hatt for huset mitt.

Veit du, hadde eg fått alle 457 millionane rett i eiga lomme, så ville eg framleis ikkje gjeve slepp på huset og denne staden. Røtene mine kan, i likskap med barna mine, ikkje kostnadsestimerast.

Så eg lurer: Kor mange røter i Austevoll skal rivast opp for å få ein omveg til Bergen?

Og heilt på tampen: Dette er fjerde, ikkje fyrste, gongen H.M. Kongen ikkje kjem til opninga av Festspillene – og det berre sidan 2013. Eg trur neppe det er ei bru over Bjørnafjorden som vil vera løysinga.