Av Anders Hjelle, rektor Austevoll ungdomsskule

Det økonomiske bilete som ordførar legg fram for FAU, stemmer nok ikkje med dei reelle tala som administrasjonen i Austevoll kommune har. Desse er faktabaserte og ikkje synsing.

Eg tør å påstå at dei politiske motstandarane til dette prosjektet har jobba aktivt denne hausten, for at dette uteområde ikkje skal kunne realiserast.  Når det gjeld det økonomiske i denne saka, ligg det oppdatert informasjon frå kommuneadm. i sakslista som formannskapet i dag skal handsama.

Det er tette band mellom idrett (fotball) og politikk i Austevoll. Sterke politiske krefter vil ha fotballhall og ungdommane sitt uteområde ser ut til å bli ofra. Dette er berre trist for oss som kjempar ein dagleg kamp for våre ungdommar si fysiske og psykiske helse og trivsel.

Eg har stor forståing for at Austevoll kommune må ta innover seg dei økonomiske utfordringane som ligg framfor oss. Det er difor svært viktig at denne avgjersla blir teken på rett grunnlag. Eg er redd for at ordførar har lagt fram feil informasjon rundt det økonomiske i denne saka og at FAU difor vel å støtta eit politisk spel og ikkje deira eigne ungdomar sine behov.

I Austevoll verkar det som om at parkeringsplassar er viktigare enn å sikra barn og unge sin lovfesta rett til eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen. Eg ligg heime med covid og kan dessverre ikkje stille på dagens møte. Linda Kalve-Drønen, avd.leiar på 10.trinn, vil stille i staden for meg.

Håpar at FAU også vil stille opp og kjempe for denne viktige saka!

Les FAU sitt innlegg til avisa her.