Tilsvar til innlegg frå rektor Anders Hjelle. Kommunen vår har eit veldig flott idrettsanlegg på Eidsbøen som kvar dag er fullt av aktive barn og vaksne. Her legg AIK til rette for at innbyggjarane kan få oppleva glede, sorger, meistring, motgang, trivsel og kameratskap gjennom ulike idrettar: Bra for både kropp og sjel. Me i klubben gler oss til den dagen friluftsparken står klar og anlegget blir enda betre. Det vil vera eit løft for alle. I Austevoll er det slik at nokre går og syklar til aktivitetar på anlegga, men dei fleste køyrer bil. Ein skulle kunne ynskje at fleire let bilen stå og kanskje samkøyrde eller nytta kollektivtransport, men per i dag er me ikkje der. Me treng parkeringsplassar og utan det vert det kaos og trafikkfarlege situasjonar. Dette har AIK peika på til kommunen og til lokalpolitikarar, og det klubben har sagt er at me ynskjer ting gjort i rett rekkjefølge. Byggja ut parkering og veg fyrst og så parken når det er klart.

Som idrettsklubb har me draumar og ambisjonar for å få til enda meir aktivitet for innbyggjarane. Me vil t.d. gjerne få til levande handball- og basketballmiljø. Me ynskjer òg å få ein ny storhall som skal husa ei rekkje innandørsaktivitetar. Hallen skal vera for heile kommunen og me samarbeider med dei andre idrettslaga her. Saman har me sett ned ei gruppe som arbeider med å få hallen realisert. Dette arbeidet har ikkje noko med friluftsparken å gjera, det skjer berre samstundes. Det er lett å tenkja at det er dei same kronene ein kjempar om og byrje å skyte på andre om ein ikkje får realisert sitt prosjekt. Me i AIK ynskjer sjølvsagt å få oppfylt våre draumar og arbeider for det, men me vil ikkje ha på oss at me motarbeider andre. Uansett fortsett me den daglege kampen for alle si fysiske og psykiske helse.