Eg har lese Inge Halstensen og May Linn Clement sine innlegg om Hordfast og Austevoll-tilknyting, 1. februar, og har lyst til å gje ein kommentar. Og det har å gjera med miljøpåverknaden av Hordfast-prosjektet. Inge er i innlegget sitt ikkje innom dette aspektet i det heile tatt. Og det synes eg er merkeleg.

Eg meiner at Hordfast-prosjektet vil ha farlege miljømessige konsekvensar. Eg vil lista opp nokre: Ein stor auke i biltrafikk mellom Stavangerregionen og Bergen. Det er i seg sjølv ille, fordi det gjev stor auke i CO2-utsleppet. Ein veldig stor rasering av natur, inkludert verna natur, og utrydding av raudliste-artar, for å bygga dei enorme vegbanane. Eit gigantprosjekt av ei bru over Bjørnafjorden, som vil gje det vestlandske landskapet vårt ein dramatisk ny utsjånad.

I vår tid, med klimakatastrofe og global natur-øydelegging synest eg verkeleg ikkje at me her i Austevoll kan blinda att augo og seia at me bryr oss berre om næringsutvikling. I tillegg så er det jo slik, som May Linn dokumenterer, at den vesle forkortinga i reisetid som Austevoll-tilknyting via pendelferje over Langenuen skal føra til, er uvesentleg (medan talet køyrde kilometer vert vesentleg meir).

I dette innlegget har eg støtta meg tungt på Naturvernforbundet og andre sine utgreiingar om Hordfast. Dessutan skal det nemnast at Hordfast-prosjektet fekk «Sløseriprisen» i 2018. Om Hordfast er såkalla samfunnsøkonomisk lønsamt, er noko ein kan tvila på. Vegvesenet kjem til at det akkurat så vidt er lønsamt, medan Transportøkonomisk institutt stiller seg skeptisk til det. Prosjektet (som altså er avgrensa til strekninga Stord - Os) er ufatteleg dyrt, siste kostnadsoverslag frå 2023 er på 46 milliardar, og det er som kjent summen før alle overskridingane tek til å renna inn.