2023 var året der me fekk nye, digitale verktøy nær sommaren. Med nye verktøy for publisering og analyse av kva stoff som genererer trafikk og sal, står me sterkare rusta for den naudsynte digitale satsinga.

På bemanningssida var me i ein periode to litt over to månadar nede i redaktør og ein journalist i 80 prosentstilling, men me fekk rekruttert til ei ny full stilling frå midten av juni, slik at me resten av året var oppe i 2,8 årsverk i redaksjonen.

Fakta om Marsteinen:

  • Samla opplag: 1942 (fyrste halvår 2023)

  • Utgjevarstad: Austevoll

  • Daglege lesarar totalt:*

  • Daglege lesarar på nett: *

  • Daglege lesarar på mobil:*

  • Papirutgåve: Torsdag

  • Redaksjonelle årsverk: 2,8 (frå 15. juni 2023)

  • Talet på sider produsert: 996

  • Fordeling redaksjonelt stoff/annonser: 70/30

  • Talet på leiarartiklar: 29

  • Talet på kommentarar: 3

  • Talet på lesarinnlegg på nett: 26

  • Talet på refuserte lesarinnlegg: -

  • Talet på gjestekommentarar: -

  • Talet på kronikkar: 3

* Blir oppdatert medio mars 2024, då desse tala ikkje var tilgjengelege per 12. februar 2024.

Marsteinen-redaktøren vart invitert til å leia ein paneldebatt i forkant av kommunevalet i september. Dette var i regi av folkebiblioteket i Austevoll, og var ein fin måte å markera avisa sin eigarskap til det lokalpolitiske stoffet. I samband med den kontroversielle innføringa av grunnrenteskatten for havbruk, deltok Trond Hagenes i Helgemorgen i NRK P2 i redaktørpanelet. Begge delar kan bidra til å løfta avisa sitt omdømme.

Foto me er nøgde med: Ingeborg Kjellevold (snart 101) får klyppa snora når den nye seniorbussen skal innviast. Morten Storebø har servert saksa og Olav Jarnes frå driftsavdelinga til kommunen hjelper til. Foto: Trond Hagenes (frå avisa 30. mars 2023).

Mål og prioriteringar:

2023 vart prega av kommunevalet. Lokalavisa hadde som mål å skapa debatt, sleppa til dei ulike partia i likt monn som mogleg, og helst stimulera til høg valdeltaking. Me køyrde to opinionsmålingar i løpet av året, og kunne fylgja mellom anna det nystifta partiet INP sitt inntog i lokalpolitikken. Den lokale valdeltakinga enda på 72,9 prosent, samanlikna med 62,2 for landet som heilskap. Lokalavisredaktøren var òg debattleiar i ein paneldebatt i folkebiblioteket nokre veker før valet.

Me haldt fram satsinga på arbeidsliv frå 2022 med reportasjar frå verksemder fram til utgangen av mars.

Marsteinen var òg med på eit journalistisk samarbeidsprosjekt mellom Investigate Europe, Senter for undersøkjande journalistikk (SUJO) og fleire andre lokalaviser: Europas plastkrise. Her fekk me fylgja emballasjeplast frå kjøkenbenken heime i Austevoll til resirkuleringsanlegg utanfor Berlin. Lokale vinklingar mellom anna om flaskepanting var med å lokalt forankra sakene.

Kommunevalet 2023 var noko redaksjonen i Marsteinen bretta opp erma for. Me håpar og trur at valdeltakinga på 72,9 prosent i alle fall delvis er eit resultat av denne jobben. Foto: Faksimile frå 31. august 2023.

Samfunnsrolla til avisa:

Marsteinen er einaste redaktørstyrte medium i øykommunen vår. Det betyr at me har eit særskilt ansvar for å løfta viktige problemstillingar fram, til dømes har me følgd opp den viktige politivarslingssaka frå 2022 med oppdateringar òg i 2023. Denne kjem opp for retten i løpet av 2024.

Nokre av oppslaga me har brukt mest tid på i 2023 er knytt til 9A-saker i opplæringslova. Me har sett nærare på korleis foreldre har opplevt at skulane ikkje har klart å ivareta elevane sine behov for trygt og godt skulemiljø. Me hadde kontakt med foreldre, som gav oss innsyn i sine saker og klagebehandling av Statsforvaltaren. Me omtalte saker knytt til begge dei to kommunale barneskulane i Austevoll.

Me har løfta diskusjonen om det lokale kraftlaget, høge nettleigeprisar og alternative løysingar. Marsteinen har mellom anna intervjua tidlegare styreleiar i Tysnes kraftlag, der dei valde å selja selskapet til Eviny/BKK. Dette resulterte i sin tur i engasjerte lesarinnlegg til avisa.

På lesarbrevsidene/meiningar på nettet har me hatt stort engasjement kring skuleutbygging, friluftspark ved ungdomsskulen og ikkje minst mogleg vern av sårbare naturtypar på ei av dei minste øyane med fastbuande på, Litlakalsøy. Engasjementet heng òg saman med redaksjonelle saker, som langt på veg drog opp debattane. Me legg desse debattinnlegga opne på nettsidene våre, og ser at det bidreg til auka trafikk.

Me har skrive om mellom anna svaksynte og blinde sine utfordringar når lokale bussterminalar ikkje kan nyttast lenger, følgd sak om utbygging av Storebø skule frå februar og vidare gjennom året og brukt mange ulike kjelder, frå FAU til elevrådet.

Prisar:

Marsteinen har levert inn bidrag til konkurransane i regi av LLA: Me har ikkje motteke prisar i denne samanhengen dei siste åra.

Foto me er nøgde med: Inger Anne Mortvedt og Kristine Fagerbakke er begge blinde og meiner furarhunden er eit uvurderleg verktøy som gjer dei sjølvstendige på lik linje med alle andre. Foto: Ann Elin Drønen (frå avisa 4. mai 2023)

Journalistfagleg utvikling:

Me vart førespegla ein tettare redaksjonell coaching av konsernet enn det me til slutt fekk (det vart ikkje gjennomført grunna kapasitet frå konsernet). Dermed har me hatt opplæring i CNP lokalt i to dagar og ein gjennomgang på Teams med Tone Friden i verktøya Kilkaya og Tableau. Dette er sjølvsagt nyttige gjennomgangar. Redaktør har òg henta innspel til den digitale omstillinga i Bladet Sunnhordland.

Foto me er nøgde med: Ulrik og Ole Jørgen likar seg i bassenget. Foto: Lea Sofie Westad (frå avisa 14. september 2023)

Etikk:

I 2023 har me ikkje hatt saker meldt inn til PFU.

Saker som er krevjande å jobba med lokalt har mellom anna vore 9A-sakene om skulane. Her er det mange problemstillingar som kjem inn, og det kan vera krevjande å henta inn samtidig tilsvar frå einskilde aktørar (særleg med forhold som kan gå attende i tid).

Me arbeidde ei stund med ei problemstilling knytt til politi, utrykking og framstilling for lege ved arrestasjon, med mogleg forgreining til varslarsaka ved den lokale tenestestaden. Utfordringa med å publisera saka var knytt til sannsynleg identifisering av den «pågripne» og psykiatri. Me valde å ikkje publisera denne saka, sidan me måtte at omsyn til ein person i ein særleg sårbar livsfase. Dette er vanskelege avvegingar i så små lokalsamfunn som Austevoll.

Medan NRK og Bergens Tidende frå tid til annan dekker større saker med tilknyting til Austevoll, eksisterer det er lokal nettside som produserer tekst og bilete og har form som ein slags nyhendeblogg (bloggaren kallar seg "redaktør" men er ikkje medlem av redaktørforeininga og nettsida hans er ikkje medlem av MBL eller LLA). Bed eitt høve etter ei alvorleg ulukke refererte me med lenke til denne nettsida, som i sin eigen artikkel gjekk utover fleire punkt i Ver varsam-plakaten. Dette meiner me ikkje skulle blitt gjort, og har evaluert dette i ettertid. I etterkant fekk me inn eit lesarinnlegg som problematiserte innlegget på nettsida, og prisa seg lukkeleg over at Austevoll har ei verkeleg lokalavis som tek presseetikken og Ver varsam-plakaten på alvor.

Foto me er nøgde med: Nils Olai og Hans Trygve stortrivst i Austevoll-ruta Foto: Ann Elin Drønen (frå avisa 30. november 2023)

Kjelder:

Elevråd om leksefri, NFU-medlem om lettleste partiprogram, elevrådsleiar på ungdomsskulen om potensielt uteområde ved skulen, intervju med kristen, homofil student i samband med masterutstilling er nokre av dei me har sett av spalteplass til i 2023. Me har òg snakka med blinde og svaksynte om førarhundar og korleis me andre skal oppføra oss når me møter slike hundar i arbeid. Til id-feiringa i april intervjua me ein muslim om høgtida og fasta.

Nokre kjelder går igjen, det gjeld særleg innanfor politikken, der leiande politikarar som Helge André Njåstad (Frp) er på ballen i mange saker. Me har laga to lengre intervju med Morten Storebø (H), både i samband med at tida hans som ordførar gjekk mot slutten – og eit intervju etter at han hadde gått av og gitt seg som politikar.

I saker om fiskeri, verdiar, fangst og utvikling snakkar me som oftast med eigarar/reiarane eller skipperane om bord i fartøya. Litt for sjeldan intervjuar me dei som er tilsette på dekk, i byssa eller maskinen og får lotten sin, og ikkje er aktive på eigarsida.

Årets ti mest leste saker*

1. Nye gullmedaljar til Therese og Feddie

2. Kronikk: Austevoll er fiskerikommunen framom dei fleste ...

3. Makrellfiskeria har henta seg inn att

4. Alvorleg for pelagiske artar i Nordaust-Atlanteren: Trykkjer på alarmknappen

5. Erna (snik-)opna Beckerwyc House

6. Kan ha drive i land på Møkster

7. Minneord: Hans Reidar Njåstad - Ein sjeldan bauta

8. Å fiske hummer er ingen menneskerett

9. Austevoll er stengd 1/3 av døgeret, ope brev til alle parti i Vlfk

10. Kreftsjuke Johanna fokuserer på det som er godt

(* Gjeldane frå overgangen til CNP, frå ultimo mai 2023)

Dei viktigaste sakene i 2023:

Selbjørn skule har brote opplæringslova i mobbesaker

Foreldre fortvilar: – Om berre skulen hadde lært av saka til sonen vår

Her er den samla opposisjonen

MDG-Birthe angripen på stand: – Let meg ikkje stoppa av ...

— Bør prioritera natur framfor hamneutbygging

Ulovleg åbor infiserer Austevoll-vatn

Europas plastkrise: Me har eit kjempeproblem ...

Trond Hagenes, redaktør i Marsteinen. Foto: Malin Økland

Svar på spørsmål frå stiftinga:

1. Redaktørens ansvar og plikter er fundamentet for pressens rolle i samfunnet. Redaktøransvaret er også lovfestet. Hva mener du er dine viktigste oppgaver som redaktør? Nevn kort tre punkter.

– Det viktigaste er å verna den frie og uavhengige journalistikken, som stundom kan vera under press på stadar som Austevoll, der sterke næringsaktørar og privatpersonar tidsvis forsøkjer å påvirka denne. Vidare å leggja til rette for ein open samfunnsdebatt og aktivt oppsøkja motstemmene. Til slutt å levera journalistikk som er relevant og kan bidra til både refleksjon og stimulera til samfunnsutvikling.

2. De redaktørstyrte mediene er avhengig av tillit og troverdighet, og de må derfor verne om sin uavhengighet og integritet. Samtidig er de fleste journalister og redaktører samfunnsengasjerte mennesker. Hvilken policy har dere for medarbeideres engasjement på sosiale medier? Er det fritt frem for å uttrykke egne synspunkter og meninger om aktuelle og kontroversielle spørsmål?

– Me har ikkje ein eigen utforma policy på dette feltet. Me har heller ikkje så langt kome i ein situasjon der denne problemstillinga har vorte naudsynt å handtera frå redaktøren si side. Dei som er involvert i eller har nære relasjonar til menneske, selskap eller organisasjonar skriv ikkje om desse i avisa.

3. Stadig mer stoff – både tekst og bilder – skapes av, eller har sitt opphav i, kunstig intelligens (KI). Hvordan påvirkes grunnleggende journalistiske prinsipper som kildekritikk, faktakontroll og åpenhet av KI? Hvordan kan vi sikre oss mot skjulte agendaer, unøyaktigheter og løgn generert av KI?

– Om noko understrekar KI kor viktig det er med redaktørstyrte medium. Sosiale medium har skapt auka rom for påverknad, influensarar, skjult sponsing og ekstreme haldningar og sterkare regulering og mottakarar som er trena i å vera kritiske mot kjeldene dei mottek informasjon frå. KI opnar dører som er interessante og kan vera hjelpemiddel for redaksjonane òg, men det krevst samstundes eit vakent auge med utviklinga. Kva med deep fake? Må ein om nokre år dobbelsjekka at ein har snakka med ei kjelde på telefonen og ikkje noko som har kopiert talenmåten deira?